Ansatte
111
Etablert
2005
Hovedkontor
Bergen

VESTLAND FYLKESKOMMUNE SKYSS

Om Skyss Skyss har ansvaret for det offentlege tilbodet med buss, bybane, båt og ferje i Vestland fylke. Vi er eit kompetanseorgan for mobilitet og kollektivtrafikk i fylket, og skal sikre at vi når dei politiske måla som fylkestinget set for kollektiv- og mobilitetstenester. Skyss sitt mål er å gjere det mogleg for kvar enkelt å reise berekraftig frå der du er til dit du skal. Skyss skal bidra til å nå klimamåla i Parisavtalen. Vi skal gjennom ein forretningsmessig og digital transformasjon, slik at vi kan sikre samanheng i mobilitetstenester på nye måtar til det beste for innbyggarane i Vestland. For å få dette til, må vi styrke laget med nøkkelpersonar som har interesse for mobilitet og som ønsker å bygge bru mellom dagens løysingar og eit mobilitetstilbod for framtida. Skyss er ei eining i Vestland fylkeskommune, har om lag 100 tilsette og eit budsjett på vel 4 milliardar kroner. Les meir om Skyss her: Jobb og karriere i Skyss
Ingen har gjort krav på denne bedriften enda
Stories
Ledige stillinger
0
Kontaktpersoner
Kontorer
Relaterte bedrifter