Ulstein vidaregåande skule, Møre og Romsdal fylkeskommune
Bli med å utvikle regionen saman med oss!
Om skulen (ulstein.vgs.no)
SKULEBYGG
Skulen ligg i Høddvollområdet, næraste nabo til Høddvoll stadion. Skulen har undervisninga si i skulen sitt bygg og i Ulsteinhallen, som er bygd saman med Ulstein vgs. Idrett og kroppsøving har undervisning i Ulsteinhallen, i Ulsmohallen og på Høddvoll stadion.
KLASSETAL/ELEVTAL
Skulen skal for skuleåret 2025-2026 ha 9 klasser i utdanningsprogrammet Studiespesialisering, 1 klasse Påbygg til generell studiekompetanse, 6 klasser Idrettsfag, 4 klasser Elektrofag, 4 klasser Sal, service og reiseliv, 2 klasser IKT og medieproduksjon og 1 TPO klasse. Dette utgjer om lag 560 elevar.
SKULEDAGEN
Skuledagen er frå kl.08:20 til kl.15:15. Timeplanen vår er slik at vi har færre fag per dag og lengre økter i kvart fag. Enkelte dagar har vi berre eitt fag. Timeplanen vil variere frå veke til veke - dette for å få meir ro i skulekvardagen og få betre tid til fagleg fordjuping.
Ingen har gjort krav på denne bedriften enda
Relaterte bedrifter
Se verifiserte bedrifter