Surnadal kommune Heimetenesta
Heimetenesta organiserer heimesjukepleie, heimehjelp, rehabililtering og dagsenter for eldre. I tillegg samarbeider vi med Inn på Tunet-tilbydarar og saksbehandlar søknader om omsorgsstønad og brukarstyrt personleg assistent.
Vi er til saman 50 tilsette og held til i sentrum av Surnadal.
I Surnadal har Heimetenesta aukande oppdragsmengd med auka krav til kompetanse i åra framover. Målet er at alle innbyggjarane får bu heime så lengje dei ønskjer det. Vi gir tilbod om rehabilitering i heimen der vi har sjukepleiar med rehabiliteringskompetanse, fysioterapeut og ergoterapeut som del av det tverrfaglege arbeidet.
I oppfølginga av pasientar med behov for sjukepleie har vi kompetanse i mellom anna geriatri, demens, psykiatri, rus, legemiddel, kreft og diabetes. Vi har også eigen fagutviklingssjukepleiar.
Aktiv bruk av velferdsteknologi er eit satsingsområde og vi ønskjer å vere pådrivar i utviklinga av gode løysingar.
Heimetenesta arbeider etter metoden "Helheltlig pasientforløp i eget hjem" -HPH, som er utvikla i samarbeid med NTNU og St.Olavs hospital.
KS og Helsedirektoratet arbeider no med å etablere HPH i alle kommunar.
I november 2024 tek vi i bruk Helseplattformen som fagsystem.
Ingen har gjort krav på denne bedriften enda
Relaterte bedrifter
Se verifiserte bedrifter