Sunnfjord kommune NAV
NAV (Arbeids- og velferdsforvaltningen) leverer arbeids og velferdstenester til Noregs befolkning.
Vi har 19 000 medarbeidarar fordelt over heile landet. NAV skal gje menneske mogelegheiter, og vårt hovudmål er å få fleire i arbeid. Vi ser etter deg med pågangsmot og engasjement som ynskjer meiningsfulle og varierte arbeidsoppgåver.
NAV er ein inkluderande arbeidsplass som er prega av mangfald. Vi ynskjer at alle kvalifiserte kandidatar søkjar jobb hos oss. Vi legg til rette for arbeidstilhøva om du har behov for det. I lys av inkluderingsdugnaden oppfordrar vi personar med nedsett funksjonsevne og/eller "hol i CV" om å søkje jobb hos oss. Dei er ein verdifull arbeidskraftressurs som NAV treng. Vi gjer oppmerksam på at opplysningar om tilsetjing av søkjar med nedsett funksjonsevne/”hol i CV” kan bli brukt i statistikken til regjeringa si inkluderingsdugnad. CV blir nytta til ei utvida søkjarliste. Du må grunngje om du ynskjer å bli fjerna frå offentleg søkjarliste. Sjå feltet for spesiell vurdering under utfylling av CV. Opplysingar kan bli offentleggjort sjølv om du har bede om å ikkje bli oppført i søkjarlista. Du vil bli varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje blir teke til følgje.
Ingen har gjort krav på denne bedriften enda
Relaterte bedrifter
Se verifiserte bedrifter