Ansatte
99
Etablert
2006
Hovedkontor
Utne

STIFTINGA HARDANGER OG VOSS MUSEUM

Hardanger og Voss museum er den største kulturinstitusjonen i regionen. Museet har sett som mål at ein gjennom fagleg arbeid og stort engasjement skal vera ein sentral samfunnsaktør i regionen. Verksemda har omlag 70  årsverk og omkring 80 millionar i omsetnad.  Hardanger fartøyvernsenter er den største avdelinga i Hardanger og Voss Museum, med kring 45 tilsette. Me er eit nasjonalt fartøyvernsenter og museum. Her finn du eit av dei største fagmiljøa for restaurering av båtar og fartøy i Norden med båtbyggjarar, smedar og reipslagarar. I tillegg har me ein bygningsvernavdeling som driv restaurering og dokumentasjon, i tillegg til å vera læringsarena for NTNU og Fagskulen i Vestland. Me har i dag kring 20 000 besøkjande gjennom året og formidlar maritimt handverk og kulturhistorie. Hardangerjakta “Mathilde” som er alle tings mor ved HFS, seglar både med leirskuleelevar og andre gjester og er ein viktig del av oss.
Ingen har gjort krav på denne bedriften enda
Stories
Ledige stillinger
0
Kontaktpersoner
Kontorer
Relaterte bedrifter