Ansatte
75
Etablert
1993
Hovedkontor
Flekke
STIFTELSEN RØDE KORS NORDISK UNITED WORLD COLLEGE
UWC Røde Kors Nordisk er ein internatskule for 200 elevar i alderen 16-19 år, frå meir enn 80 ulike land. Elevane gjennomfører eit to-årig studieprogram - International Baccalaureate (IB) Diploma. Skulen starta opp i 1995, er mellom anna finansiert av offentlege midlar frå dei nordiske landa og ligg idyllisk plassert ved Flekkefjorden i Fjaler kommune på Vestlandet. Skulen har om lag 65 tilsette og har to datterselskap, UWC Connect AS og Verdsgrenda Eigedom AS. UWC Connect har ansvar for andre aktivitetar som mellom anna leirskule, sommarleirar og som vertskap for ulike grupper som kjem for å oppleve det unike miljøet på skulen. Verdsgrenda Eigedom AS eig og forvaltar bygg på eigedomen.
UWC RCN er eit unikt miljø på ein unik stad. Du vil neppe finne liknande miljø med slik variasjon i mangfald, utfordringar og interessante oppgåver. Vi er eit fleirkulturelt samfunn, der alle har eit ansvar for studentane og gjestane sin velferd, utdanning og opplæring, og der vi jobbar tett ilag.
Ingen har gjort krav på denne bedriften enda
Relaterte bedrifter
Se verifiserte bedrifter