Ansatte
51
Etablert
1971
Hovedkontor
Årdalstangen
SOGN SPAREBANK
Sogn Sparebank er eigd frå Sogn, styrt frå Sogn og i kraft av samfunnsansvaret vårt gjev me tilbake til Sogn. Kvart år deler me ut ein del av overskotet i form av gåvemidlar til ålmennyttige tiltak, me sponsar organiserte aktivitetar for born og unge og me er ein stor bidragsytar for festivalar og arrangement i vårt området. I tillegg jobbar me tett på næringslivet og kjenner både kundar og området godt.
Sogn Sparebank har ein desentralisert struktur utan hovudkontor, Me er sterkt til stades i Sogn, med kontor i Aurland, Lærdal, Vik, Sogndal, Øvre Årdal og Årdalstangen. I tillegg til har vi eit kontor sentralt i Bergen.
Banken er ein del av Eika Alliansen. Alliansen består av 46 lokalbankar, Eika Gruppen og Eika Boligkreditt, Lokalbankane er spreidd utover store delar av landet og bidreg til økonomiske vekst og tryggleik for privatkundar og næringsliv i sine marknadsområder. Dette gjer Eika til ein av dei største aktørane i den norske bankmarknaden -- og ein av dei viktigaste aktørane for norske lokalsamfunn.
Ingen har gjort krav på denne bedriften enda
Relaterte bedrifter
Se verifiserte bedrifter