Ørsta vidaregåanda skule, Møre og Romsdal fylkeskommune

Bli med å utvikle regionen saman med oss! Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit. Om skulen (orsta.vgs.no) Ørsta vidaregåande skule er eit naturleg sentrum for yrkesutdanninga på Søre Sunnmøre. Med kompetente og dyktige tilsette arbeider skulen vår for at du som elev skal oppleve å lukkast i utdanninga. Skulen er ein av dei mest tradisjonsrike yrkesskulane med ei unik historie over 75 år, der vi utdannar yrkesutøvarar i fylket, nærmiljøet og regionen. Vi er rundt 340 elevar og eit 80-tals tilsette fordelt på seks utdanningsprogram:   Bygg- og anleggsteknikkElektrofagHelse- og oppvekstfagRestaurant- og matfagTeknikk- og industriell produksjon Skulen er ikkje større enn at vi har høve til å bli godt kjent med kvarandre i skulekvardagen. Det å kjenne seg trygge på kvarandre gir rom for ein tett relasjon mellom elev og lærar, noko vi veit er avgjerande for at skulen skal vere ein stad der læring skjer.
Ingen har gjort krav på denne bedriften enda
Stories
Ledige stillinger
0
Kontaktpersoner
Kontorer
Relaterte bedrifter