Luster kommune Hafslo barne- og ungdomsskule
Hafslo barne- og ungdomsskule ligg sentralt i Hafslo sentrum, nede ved Hafslovatnet. Skulen er ein 1-10 skule, og har jamt over elevtal på 210 og ca 40 tilsette i skule og SFO. I SFO er det ca 60 born. Skulen vår er ein lærande organisasjon, der me er praksiskule og Lærarutdanningsskule for Høgskulen på Vestlandet. Skulen sin visjon er "Me står saman for ein trygg oppvekst i eit aktivt og inkluderande læringsmiljø" Skulen jobbar etter PALS-modellen der stikkorda ansvar, omsorg og respekt er viktige verdiar. Hafslo barne- og ungdomsskule er oppteken av fysisk aktivitet og har lang tradisjon med å nytte den flotte naturen skulen har lett tilgjengeleg.
Ingen har gjort krav på denne bedriften enda
Relaterte bedrifter
Se verifiserte bedrifter