Ansatte
7
Etablert
2001
Hovedkontor
Sogndal
KUNNSKAPSPARKEN VESTLAND AS
Kunnskapsparken Vestland er eit regionalt innovasjonsselskap med kontor i Førde og Sogndal, som har heile gamle Sognog Fjordane som nedslagsfelt. Våre tre kjerneverdiar handlekraft, samspel og tillit både forpliktar oss og gir oss inspirasjon i vårt arbeid med nyskapande næringsliv.
Vår kjernekompetanse er inkubatorteneste, forretningsutvikling, kommersialisering, prosess- og prosjektleiing, klyngeutvikling og omstilling.
Nettverket vårt består av relevant næringsliv, FoU-miljø, kapital og investormiljø, og andre lokale, regionale og nasjonale innovasjonsmiljø.
Vi kjenner både det politiske miljøet og verkemiddelapparatet godt, og nyttar denne kompetansen for å kunne gi best mogleg hjelp til næringslivet.
I over 20 år har vi bidrege til å få fram framtidas arbeidsplassar, jobbar som gjer regionane attraktive å leve og bu. Det er flott å sjå kva næringslivet i regionane kan få til, berre ein står saman.
Vi legg til rette for vekst i næringslivet og tek lokale idear ut i verda.
Ingen har gjort krav på denne bedriften enda
Relaterte bedrifter
Se verifiserte bedrifter