Ansatte
19
Etablert
2013
Hovedkontor
Voss
HARDANGER OG VOSS NÆRINGSHAGE AS
Hardanger og Voss Næringshage skal vera ei drivkraft for utvikling i regionen vår. Me er ein samlande, framsynt og kunnskapsrik organisasjon. Me er ein naturleg partnar i lokal og regional næringsutvikling, med 16 dedikerte og entusiastiske medarbeidarar fordelte på kontora våre i Øystese og på Voss.
I 2022 fusjonerte Næringshagen i Hardanger og Næringshagen på Voss. Frå før var Visit Voss lagt inn i Næringshagen på Voss, og i 2023 vart og Voss Sentrum fusjonert inn i Næringshagen for å få eit større og betre tenestetilbod til medlemmene.
Dagleg leiar har det overordna ansvaret for næringsutviklingsarbeidet i regionen, reiselivsutvikling og marknadsføring av Voss som reisemål, og sentrumsutvikling på Voss.
Hardanger og Voss Næringshage er den største operatøren av næringshageprogrammet til Siva i Vestland. Programmet skal stimulera til næringsutvikling i distriktskommunar gjennom å gje rabatterte tenester til bedrifter. Målet med programmet er mellom anna auka eksport, grøn omstilling og fleire arbeidsplassar.
Ingen har gjort krav på denne bedriften enda
Relaterte bedrifter
Se verifiserte bedrifter