Gol kommune IKT Hallingdal

Gol er den største kommunen i Hallingdal med ca. 4.700 innbyggarar. Vi satser på utdanning, innovasjon og forsking. Vi er samde om at: "det er samarbeid som formar framtida". Vi kan by på svært gode tilhøve for aktiv fritid, anten det er friluftsliv eller kultur. Hallingdal har 14 skianlegg med Hemsedal som det største. Gol har eit triveleg og innbydande sentrum, som er eit knutepunkt i regionen. Gol er handelssentrum i Hallingdal, med mange og varierte butikkar. Gol ligg midt mellom aust og vest med kort veg både til Oslo og Bergen. Det er Bergensbanen som bind saman oss og Noregs to største byar. Kommunen er inkluderande og familievennleg. Vi har både ny barne- og ungdomsskule og ny fleirbrukshall, god barnehagedekning og eit variert skuletilbod med både vidaregåande skule og folkehøgskule.
Ingen har gjort krav på denne bedriften enda
Stories
Ledige stillinger
0
Kontaktpersoner
Kontorer
Relaterte bedrifter