Ansatte
9
Etablert
1997
Hovedkontor
Sogndal
GASTA DESIGN & KOMMUNIKASJON AS
Bli spesialist i Squarespace du óg
Gasta har spesialisert seg på nettsider i Squarespace som publiseringsverktøy. Vi har utvikla meir enn 600 sider i verktøyet og er blant dei fremste i Europa i Squarespace-miljøet.
I tillegg til nettsider har vi lang erfaring med merkevare, visuell identitet og digital markedsføring for kundane våre.
Gasta består av utviklarar, designarar og digitale rådgivarar som jobbar på tvers av fag i alle prosjekt.
Gasta har eksistert sidan 1998, og er i dag åtte tilsette. I 2024 hadde vi ei omsetning på 10,9 millionar kroner og har god økonomi.
Bu i Sogn? Det blir ikkje betre
Her bur du i midt i smørauge for toppturar sommar som vinter, med 15 minuttar til nærmaste skitrekk. Idrettssenteret held til i etasjen under oss og fjorden følger deg dit du drar.
Dette er staden for deg som vil ha ein aktiv og køfri kvardag, der du rekk det meste innan 10-15 minuttar. Sogndal er kåra til den 14. beste kommunen i landet , i NHO sin kommune-rangering (av 356 kommunar). Vi er og ein av dei kommunane som kan vise til god tilflytting av unge, velutdanna personar.
Gasta har kontor på Campus Sogndal, der også rundt 50 andre bedrifter held til, som mellom anna Norconsult, Innovasjon Norge, Adecco, Sogndal Fotball, Visit Sognefjord og Vestlandsforsking. I tillegg er Høgskulen på Vestlandet og Sogndal VGS lokalisert her, så du møter ein fin smeltedigel av ulike menneske.
Ingen har gjort krav på denne bedriften enda
Relaterte bedrifter
Se verifiserte bedrifter