Ansatte
102
Etablert
1971
Hovedkontor
Volda
FURENE AS
Furene er ei arbeids- og inkluderingsbedrift med over 50-års drift innan karriere- og kompetanseutvikling. Vi er eigd av Norges Handikapforbund og dei sju kommunane på Søre Sunnmøre. Vårt mål er å bidra til auka arbeidsinkludering for deltakarar som av ulike årsaker står heilt eller delvis utanfor arbeidslivet.
Dei to handtverksbakeria Mjøl og Meir i Ulsteinvik og på Hareid har nyleg blitt ein del av Furene, og i tillegg utvidar vi med nytt lokale og tilhøyrande aktivitetar i Ulsteinvik sentrum.
Furene har eit omfattande samarbeid med arbeidslivet på Søre Sunnmøre innan rekruttering, og som leverandør av ei rekkje varer og tenester. Vi leverer også ei rekke tenester for NAV.
Dette gir oss mange alternativ og stor grad av fleksibilitet for utprøving av arbeidstakarar i ulike typar arbeid, både internt i våre produksjonsavdelingar, og eksternt hos våre samarbeidspartnarar.
Ingen har gjort krav på denne bedriften enda
Relaterte bedrifter
Se verifiserte bedrifter