Ansatte
14
Etablert
2019
Hovedkontor
Fresvik
FRESVIK ENSPIRE SKULE AS
Om Fresvik EnSpire Skule
Fresvik EnSpire skule A/S er den tredje godkjende friskulen med entreprenørskap som profil. Skulen starta opp hausten 2020. Skulen får statsstøtte og blir driven etter godkjend læreplan for EnSpire skular. Vi ønskjer å vera ein skule for alle, og tek ikkje foreldrebetaling.
Skulen ligg i Fresvik i Vik kommune i Vestland fylke. Det er ca 3,5 mil til Vik sentrum. Fresvik er ei jordbruksbygd med ca. 200 innbyggjarar. I bygda ligg Fresvik Produkt-- ei moderne industribedrift for fryse- og kjøleteknologi med 40 -- 50 tilsette. Fresvik har eit sterkt organisasjonsliv, som er med på å byggja fellesskap og felles identitet. Her er ein storslått natur med nærleik til både fjell og fjord, noko som gir høve til eit aktivt og rikt friluftsliv. Musikkfestivalen Fres festival blir arrangert i Fresvik.
Ingen har gjort krav på denne bedriften enda
Relaterte bedrifter
Se verifiserte bedrifter