Bokn kommune Bokn skule

Bokn skule er med sine 25 tilsette og om lag 90 elevar ein svært viktig institusjon for lokalsamfunnet. Skulen dekkjer barne og ungdomstrinnet, har høgt fagleg fokus og jobbar systematisk for skape eit godt, trygt og framtidsretta skule og læringsmiljø der alle elevar får oppleva å høyre til i eit inkluderande fellesskap. Målet vårt er å utvikle engasjerte, motiverte og nysgjerrige elevar som tek aktivt del i si eiga læring. Skulen flytta på nyåret 2023 inn i eitt nytt, flott bygg med spennande spesialrom og gode store fellesareal. Skulen driv opplæring i aldersblanda grupper og har digitale læringsverktøy 1:1. Dei aldersblanda guppene har to kontaktlærarar som samarbeider om elevane og undervisninga. Bokn kommune samarbeider med andre kommunar på Haugalandet og deltek jamleg på felles nettverksmøter og fagsamlingar. Som tilsett på Bokn skule får du ei viktig rolle i arbeidet med å skape gode oppvekst – og læringsmiljø for våre elevar. Me søker deg som har eit inkluderande elevsyn, og som ser den enkelte elev.
Ingen har gjort krav på denne bedriften enda
Stories
Ledige stillinger
0
Kontaktpersoner
Kontorer
Relaterte bedrifter