Bokn kommune Bokn barnehage

Bokn kommune eig og driv barnehagen, og han vart opna i 1978. Barnehagen har i dag omlag 40 barn, og 11 tilsette. Barnehagen ligg i Føresvik i Bokn, rett ved sida av skule, bibliotek og kommunehuset. Me har kort veg til sjø, skog og mark og det gjer at me ofte er på tur her. Barnehagen tilbyr full kost. Barnehagen har tilsette med eit stort fagleg og pedagogisk engasjement, med lang erfaring og brei kompetanse. Me er med i eit regionalt nettverk saman med andre kommunar, og tilsette får delta jamleg i nettverk med Karmøybarnehagane. Barnehagen er i startfasen på eit arbeid med inkluderande leikemiljø samstundes som det vert jobba med verdiane i læringsmiljøsenteret sitt program "være saman".
Ingen har gjort krav på denne bedriften enda
Stories
Ledige stillinger
0
Kontaktpersoner
Kontorer
Relaterte bedrifter