Aukra kommune Helse
Aukra kommune er ein øy- og fastlandskommune på kysten av Romsdal og er kjent for sin robuste økonomi. Kommunen har 3700 innbyggarar og er ein vekstkommune. Med ilandføring av gass frå Ormen Lange-feltet og som gassknutepunkt for Norskehavet, er kommunen sikra eit unikt utgangspunkt for eit allsidig nærings- og kulturliv og godt utbygde tenester. Kommunen si plassering innbyr til friluftsaktivitetar både til sjøs og til lands. Avstanden til kultur-, fotball- og industribyen Molde er kort.
Aukra kommune har omlag 450 tilsette. Kommunedirektøren er øvste leiar for administrasjonen, som er organisert i 4 sektorar leia av kvar sin kommunalsjef med eigen fagstab. I kvar sektor er det einingsleiarar med ansvar for sine fagområde, til saman 13 einingar. Kommunen har gode utviklingsmoglegheiter og står overfor mange interessante prosjekt og store utfordringar.
Ingen har gjort krav på denne bedriften enda
Relaterte bedrifter
Se verifiserte bedrifter