Ål kommune Nordbygdene skule
Ål kommune har ein desentralisert barnehage- og skulestruktur med både små og litt større skular og barnehagar. Nordbygdene skule er grendeskulen til bygdene Votndalen, Leveld og Vats, og ligg langs Nordbygdvegen i Leveld. Nordbygdene barnehage held også til her, og uteleikeplassen er felles med barnehagen. I tillegg byr nærområdet på gode områder for leik og læring ute. Skulen har 50 elevar fordelt på 1-7 trinn og er organisert fådelt. Frå 8. trinn blir alle elevane samla på Ål ungdomsskule. Gjennom målretta arbeid med kompetanseutvikling og lokale handlingsplanar ynskjer kommunen å utvikle gode profesjonsfellesskap i barnehagane og skulane våre. Betre læring er vår lokale oppvekstplan og visjonen er «Alle som veks opp i Ål skal bli rotfaste og flygedyktige». Hovudmålsettinga «I eit inkluderande oppvekstmiljø der alle ser og blir sett, får kvar einskilld kraft til å meistre eigne liv» skal vere grunnleggande for drifta i sektoren.
Ingen har gjort krav på denne bedriften enda
Relaterte bedrifter
Se verifiserte bedrifter