Ål kommune Gjestetunet

Avdeling Gjestetunet er ei aktiv korttidsavdeling som tilbyr tilrettelagd og individuell oppfølging av pasientar både innan behandling, palliasjon, demens, psykiatri og rehabilitering. Avdelinga har 16 plassar, fordelt på 12,6 årsverk. Me har stort fokus på fag, kvalitet og utvikling. Du kan rekne med ein variert og spennande jobb - i eit arbeidsmiljø med engasjerte og fagleg dyktige medarbeidarar. Tverrfaglig samarbeid står i fokus. Det er tett samarbeid med fysioterapeut, ergoterapeut og sjukeheimslegen, som for øvrig er tilsett på fulltid. Gjestetunet er kjenneteikna av god fagdekning og gode faglege tenester. Den lange avstanden til sjukehus gjer at me må vere, og er, i stand til å handtere alt frå ufarlege infeksjonssjukdommar til livskritiske hendingar.
Ingen har gjort krav på denne bedriften enda
Stories
Ledige stillinger
0
Kontaktpersoner
Kontorer
Relaterte bedrifter