Ål kommune Ål ungdomsskule

Ål ungdomsskule er ein skule med omlag 170 elevar, fordelt i tre klassar på kvart trinn. Dette gir oss klassar som varierer frå 16 til 22 elevar, der 8.trinn er minst med klassar på 16 og 17 elevar. I faga norsk, engelsk og matematikk har me lagt opp til eit to-lærarsystem. Det vil seie at det alltid er to utdanna faglærarar inne i klassen desse timane, som saman planlegg, tilpassar og evaluerer undervisninga i faga. Blir du tilsett hos oss, vil mellom anna ei slik rolle som to-lærar vere ei av oppgåvene du kan få. Skulen har omlag 40 tilsette dette skuleåret. Av desse er størsteparten lærarar, men me har også fagarbeidarar og miljørettleiarar med annan fagkompetanse som ein viktig del av laget vårt. I tillegg samarbeider me tett med Familiens hus på Ål, og har kvar dag helsesjukepleiar eller ungdomslos på skulen. Me er ein gjeng med god kjønnsbalanse, som med variert bakgrunn, alder, utdanning og interesser jobbar saman for eit inkluderande og kjekt arbeidsmiljø. Ål ungdomsskule har i tillegg til dei ordinære klasseromma ei stor avdeling for kunst og handverk, me har eit godt skulekjøkken, naturfagsal, bibliotek, kantine og auditorium. Me har eit romsleg uteområde, ligg vegg i vegg med Ål idrettshall og med symjehallen på Nedre Ål skule. Alt i alt gir dette oss gode rammefaktorar for variert undervisning i alle fag.
Ingen har gjort krav på denne bedriften enda
Stories
Ledige stillinger
0
Kontaktpersoner
Kontorer
Relaterte bedrifter